Totalt antall sidevisninger

fredag 11. februar 2011

1. arbeidskrav: Pedagogisk bruk av Google Dokumenter og blogg - 1. innlegg


Arbeid med oppgåve 1

Vi er 3 språklærarar som skulle bli einige om eit undervisningsopplegg i ei av språkgruppene våre. Valet falt på ei engelskgruppe med 12 elevar på vg1. Som tema valde vi ”Den engelskspråklege verden”. Elevane kunne velje seg eit av 8 land som dei skulle presentere og dei kunne velje kven som skulle vere i lag i 3-er grupper.
Vi bestemte oss for at også vi lærarar skulle prøve å samarbeide om utforming av opplæringsplanen i google docs for å bli tryggare på denne arbeidsforma. Vi oppretta ei mappe i google docs og delte mappa med mailadressane våre. Dette for å sikre oss at berre vi hadde tilgang til dokumenta. Vi øvde oss på samskriving og dette fungerte best når vi hadde konkrete spørsmål som vi skulle jobbe med. Vi merka fort at det var viktig med logiske filnamn for å finne filene igjen. (Sjå Opplæringsplanen her.)

Då arbeidet med opplæringsplanen for gruppearbeidet var ferdig, jobba vi også med vurderingsdelen. Det er viktig at elevane får vite kva kompetansemåla er og korleis arbeidet deira blir vurdert. Så laga vi ein presentasjon med google-presentasjonsverktøyet om gruppearbeidet som skulle visast til elevane i framkant av prosjektet. Vi la vekt på å bruke mange av funksjonane som t.d. å sette inn lenkjer, bilde og videoar for å vise elevane mulighetene.

Vi brukte ein time til ei innføring og utprøving av google docs. Elevane skulle opprette ein google konto, noko som fleire hadde frå før av. Etter at dei hadde valt både gruppe og land laga dei seg relevante mapper i google, som dei delte med gruppedeltakarane og faglæraren. Vi poengterte at elevane skulle samle sine ressursar  i desse mappene og også bruke verktøyet til samskriving. Dette skulle bidra til betre samarbeid og at læraren kunne ha tilgang til arbeidsprosessen og mulighet til rettleiing.
Det ferdige produktet i form av ein google-presentasjon blir også lagt inn i google-mappa. Elevane framførte sin presentasjon framfor heile gruppa. Til slutt skulle elevane evaluere sin eigen arbeidsprosess, sin presentasjon og google-docs og google-presentasjon som hjelpemiddel.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar