Totalt antall sidevisninger

tirsdag 15. februar 2011

1. arbeidskrav: Pedagogisk bruk av Google Dokumenter og blogg - 2. innlegg

Min eigen læringsprosess

I arbeidet med arbeidsoppgåvene har eg tileigna meg mykje av det reint tekniske når det gjeld google-verktøy. Eg hadde brukt google-docs innan idrettsregistrering før, likevel var samskriving for å løyse eit problem nytt for meg. Sidan eg er godt fortruleg meg office programma var det lett å lære seg dei noko enklare og intuitive google-verktøya.

Sjølv om eg reknar meg som ganske oppdatert og deltakande innan bruk av sosiale media, hadde eg aldri laga ein blogg før. Eg synes det var litt tøft å få det til. Eg ser føre meg fleire måtar å bruke ein blogg på både privat og i pedagogisk samanheng.

Arbeidskravet hadde ikkje gitt meg same læringsutbytte dersom eg skulle ha jobba individuelt. Det var veldig læringsrikt å bruke verktøya i lag med mine kollegar. På same måte var det nyttig å diskutere seg fram til ein måte å presentere oppgåva til elevane på. For det meste jobbar vi åleine i kvardagen vår med våre fag og grupper, difor er det ei god erfaring å planlegge eit undervisningsopplegg i lag. Eg vil påstå at Maria i vår gruppe fekk lære mest, sidan det var ho som gjennomførte opplegget i engelskgruppa si. Ho var i lag med elevane og fekk sjå samarbeidet og læringsutbytte i praksis.

Eg er ganske viss på at eg kjem til å prøve ut eit liknande prosjekt ved neste prosjektoppgåve i faget mitt. Det ser ut til at både samskriving og det at ein samlar resursane på ein plass lettar samarbeidet mellom elevane. Alf Gunnar Eritsland beskriv i ”Samskriving” desse fordelane ved samskriving på nettet:
·         Støtte kvarandre. I samarbeid om tekstar kan dei vise kvarandre merksemd og respekt.
·         Kontrollere tekstane for kvarandre. Slik kan dei delvis erstatte kontrollen til læraren
·         Lære av kvarandre. Dei kan dele fagleg kunnskap og ulike måtar å skrive på.

Som lærar får eg betre innsyn i arbeidsprosessen, som også skal speglast igjen i karakteren. Elevane må ikkje få inntrykk av at dei blir overvaka, men derimot kan få viktige tips og hjelp i arbeidet fram mot ein presentasjon. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar