Totalt antall sidevisninger

lørdag 21. mai 2011

3. arbeidskrav - refleksjon over arbeidsprosessen

Hovudemne for dette arbeidskravet er INFORMAJONSKOMPETANSE.
Vi skulle opprette ein wiki til å introdusere eit undertema til ”Ungdom og medievanar”.
Vår gruppe består av 3 framandspråklærarar som valte ”Nettmobbing blant ungdom” som undertema.

Det første vi gjorde var å dele opp emne i enda fleire underpunkt, slik at alle hadde si avgrensa område som kvar hadde hovudansvaret for. Så begynte vi å samle nettkjelder på vår side på diigo.com. Vi fant bidrag som aktuell forsking, videoar, bilde, avisoppslag, podcast, leksikonutdrag og anna tekst på nettet. Sjølv om vi hadde kvart vårt hovudområde så følte vi ansvaret for heile tema og fant kjelder som delvis overlappa det dei andre gruppemedlemene jobba med.

Vi diskuterte kva slags tags som vi skulle benytte oss av. Vi valte å bruke nokon sentrale og like tags, for at vi skal kunne synliggjøre interessante kjelder for kvarandre. I tillegg brukte vi også ulike tags for å skilje dei forskjellige underemna.

Så var det berre å opprette  wikien vår på wikispaces. Vi laga ei innleiingsside, ei side til kvar av oss, ei side med tags og ei side med kjelder. Etter kvart såg vi at det var hensiktsmessig å dele opp sidene enda meir for å unngå å måtte skrolle i artiklane.

Samskriving er veldig effektiv på denne måten, samtidig var vi klar over at wikien vår skulle framstå som ein heilskap og ikkje som ei samling av artiklar frå 3 forfattarar. Vi brukte ein del tid å diskutere oss fram til kva som skulle vere hovudessensen vår. Sjølvsagt brukte vi same font og utsjånad. Også på innhaldssida kom vi med innspel til kvarandre. Likevel fekk kvar artikkelforfattar hovudansvar for å kvalitetssikre sine eigne sider. Det er viktig å ha tillit til kvarandre sin kompetanse.

      Alf Gunnar Eritsland beskriv i ”Samskriving” desse fordelane ved samskriving på nettet:
·         Støtte kvarandre. I samarbeid om tekstar kan dei vise kvarandre merksemd og respekt.
·         Kontrollere tekstane for kvarandre. Slik kan dei delvis erstatte kontrollen til læraren
·         Lære av kvarandre. Dei kan dele fagleg kunnskap og ulike måtar å skrive på.

      Det er klart at det kan vere ein balansegang mellom å vere støttande og konstruktiv kritisk overfor andre sine produkt og skape avstand mellom gruppemedlemane. Dette vil vere lite motiverande for samarbeidet og vidare samskriving.


       I skrivande stund held vi på med siste finpussen på den siste innleveringa på eit 2-årig IKT kurs på deltid. Konkluderande vil eg seie at eg har hatt stor utbytte av kurset, sjølv om tidsfristane for innleveringane alltid kom bratt på. Det eg har lært mest av, ved sida av inspirerande førelesningar, var arbeidet i gruppene. Vi har diskutert os varme, rive oss i håret, ledd, masa på kvarandre, blitt inspirerte og har fått eit innblikk i kvarandes skulekvardag og kunnskapshorisonten.
       Stor takk til mine gode kollegar og samarbeidspartnarar Maria og Theresa.


søndag 27. mars 2011

2. Arbeidskrav - refleksjon over arbeidsprosessen

Det andre arbeidskravet gjekk ut på å drøfte ei problemstilling knytt til sosiale medier. Eg valgte eit undervisningsopplegg som inneber bruken av Facebook i tyskundervisninga mi. Opplegget var heller enkel, men drøftinga gjekk meir ut på om det er prinsipielt rett å bruke Facebook i undervisninga. Les meir om opplegget her.

Problemstillinga mi for oppgåva var då følgjande:
Er sosiale medier som Facebook forstyrrande element eller nyttige verktøy i undervisninga?

Dette er eit relevant spørsmål for meg. Det er enda ganske kontroversielt å sleppe elevane sine eigne sosiale plattform til i undervisninga. Fram til no har vi sett på bruken av t.d. Facebook og Twitter heller som forstyrrande i undervisninga og det finst skular der ein har valt å skru av Facebook i skuletida.
Vi skal lage ei Facebookgruppe som elevane skal bruke i fellesskap med utvekslingselevane frå Kiel. Vi har hatt ein del diskusjonane angåande dette emne. I Tyskland har ikkje data fått så mykje betyding i undervisninga enda og skilja mellom fritids- og skulekulturen er større enn her til lands. Det måtte ein del argumentering til for å overbevise dei tyske lærarane om nytten av å bruke Facebook. Difor synes eg at det var ein styrke at eg hadde jobba med oppgåva. Her har eg samla både argument for og i mot. Det er viktig med ein kritisk gjennomgang av sin eigen praksis. Har vi ikkje faglege og pedagogiske argument så har vi ikkje grunnlag til å bruke Facebook heller.

Spør meg gjerne kva konklusjonen blei og kva som er dei største utfordringane når det gjeld Facebook til skulebruk. Eg har gjort meg mine tankar, funne nokon svar - og enda fleire spørsmål.

tirsdag 15. februar 2011

1. arbeidskrav: Pedagogisk bruk av Google Dokumenter og blogg - 2. innlegg

Min eigen læringsprosess

I arbeidet med arbeidsoppgåvene har eg tileigna meg mykje av det reint tekniske når det gjeld google-verktøy. Eg hadde brukt google-docs innan idrettsregistrering før, likevel var samskriving for å løyse eit problem nytt for meg. Sidan eg er godt fortruleg meg office programma var det lett å lære seg dei noko enklare og intuitive google-verktøya.

Sjølv om eg reknar meg som ganske oppdatert og deltakande innan bruk av sosiale media, hadde eg aldri laga ein blogg før. Eg synes det var litt tøft å få det til. Eg ser føre meg fleire måtar å bruke ein blogg på både privat og i pedagogisk samanheng.

Arbeidskravet hadde ikkje gitt meg same læringsutbytte dersom eg skulle ha jobba individuelt. Det var veldig læringsrikt å bruke verktøya i lag med mine kollegar. På same måte var det nyttig å diskutere seg fram til ein måte å presentere oppgåva til elevane på. For det meste jobbar vi åleine i kvardagen vår med våre fag og grupper, difor er det ei god erfaring å planlegge eit undervisningsopplegg i lag. Eg vil påstå at Maria i vår gruppe fekk lære mest, sidan det var ho som gjennomførte opplegget i engelskgruppa si. Ho var i lag med elevane og fekk sjå samarbeidet og læringsutbytte i praksis.

Eg er ganske viss på at eg kjem til å prøve ut eit liknande prosjekt ved neste prosjektoppgåve i faget mitt. Det ser ut til at både samskriving og det at ein samlar resursane på ein plass lettar samarbeidet mellom elevane. Alf Gunnar Eritsland beskriv i ”Samskriving” desse fordelane ved samskriving på nettet:
·         Støtte kvarandre. I samarbeid om tekstar kan dei vise kvarandre merksemd og respekt.
·         Kontrollere tekstane for kvarandre. Slik kan dei delvis erstatte kontrollen til læraren
·         Lære av kvarandre. Dei kan dele fagleg kunnskap og ulike måtar å skrive på.

Som lærar får eg betre innsyn i arbeidsprosessen, som også skal speglast igjen i karakteren. Elevane må ikkje få inntrykk av at dei blir overvaka, men derimot kan få viktige tips og hjelp i arbeidet fram mot ein presentasjon. 

fredag 11. februar 2011

1. arbeidskrav: Pedagogisk bruk av Google Dokumenter og blogg - 1. innlegg


Arbeid med oppgåve 1

Vi er 3 språklærarar som skulle bli einige om eit undervisningsopplegg i ei av språkgruppene våre. Valet falt på ei engelskgruppe med 12 elevar på vg1. Som tema valde vi ”Den engelskspråklege verden”. Elevane kunne velje seg eit av 8 land som dei skulle presentere og dei kunne velje kven som skulle vere i lag i 3-er grupper.
Vi bestemte oss for at også vi lærarar skulle prøve å samarbeide om utforming av opplæringsplanen i google docs for å bli tryggare på denne arbeidsforma. Vi oppretta ei mappe i google docs og delte mappa med mailadressane våre. Dette for å sikre oss at berre vi hadde tilgang til dokumenta. Vi øvde oss på samskriving og dette fungerte best når vi hadde konkrete spørsmål som vi skulle jobbe med. Vi merka fort at det var viktig med logiske filnamn for å finne filene igjen. (Sjå Opplæringsplanen her.)

Då arbeidet med opplæringsplanen for gruppearbeidet var ferdig, jobba vi også med vurderingsdelen. Det er viktig at elevane får vite kva kompetansemåla er og korleis arbeidet deira blir vurdert. Så laga vi ein presentasjon med google-presentasjonsverktøyet om gruppearbeidet som skulle visast til elevane i framkant av prosjektet. Vi la vekt på å bruke mange av funksjonane som t.d. å sette inn lenkjer, bilde og videoar for å vise elevane mulighetene.

Vi brukte ein time til ei innføring og utprøving av google docs. Elevane skulle opprette ein google konto, noko som fleire hadde frå før av. Etter at dei hadde valt både gruppe og land laga dei seg relevante mapper i google, som dei delte med gruppedeltakarane og faglæraren. Vi poengterte at elevane skulle samle sine ressursar  i desse mappene og også bruke verktøyet til samskriving. Dette skulle bidra til betre samarbeid og at læraren kunne ha tilgang til arbeidsprosessen og mulighet til rettleiing.
Det ferdige produktet i form av ein google-presentasjon blir også lagt inn i google-mappa. Elevane framførte sin presentasjon framfor heile gruppa. Til slutt skulle elevane evaluere sin eigen arbeidsprosess, sin presentasjon og google-docs og google-presentasjon som hjelpemiddel.