Hovudemne for dette arbeidskravet er INFORMAJONSKOMPETANSE.
Vi skulle opprette ein wiki til å introdusere eit undertema til ”Ungdom og medievanar”.
Vår gruppe består av 3 framandspråklærarar som valte ”Nettmobbing blant ungdom” som undertema.
Det første vi gjorde var å dele opp emne i enda fleire underpunkt, slik at alle hadde si avgrensa område som kvar hadde hovudansvaret for. Så begynte vi å samle nettkjelder på vår side på diigo.com. Vi fant bidrag som aktuell forsking, videoar, bilde, avisoppslag, podcast, leksikonutdrag og anna tekst på nettet. Sjølv om vi hadde kvart vårt hovudområde så følte vi ansvaret for heile tema og fant kjelder som delvis overlappa det dei andre gruppemedlemene jobba med.
Vi diskuterte kva slags tags som vi skulle benytte oss av. Vi valte å bruke nokon sentrale og like tags, for at vi skal kunne synliggjøre interessante kjelder for kvarandre. I tillegg brukte vi også ulike tags for å skilje dei forskjellige underemna.
Så var det berre å opprette wikien vår på wikispaces. Vi laga ei innleiingsside, ei side til kvar av oss, ei side med tags og ei side med kjelder. Etter kvart såg vi at det var hensiktsmessig å dele opp sidene enda meir for å unngå å måtte skrolle i artiklane.
Samskriving er veldig effektiv på denne måten, samtidig var vi klar over at wikien vår skulle framstå som ein heilskap og ikkje som ei samling av artiklar frå 3 forfattarar. Vi brukte ein del tid å diskutere oss fram til kva som skulle vere hovudessensen vår. Sjølvsagt brukte vi same font og utsjånad. Også på innhaldssida kom vi med innspel til kvarandre. Likevel fekk kvar artikkelforfattar hovudansvar for å kvalitetssikre sine eigne sider. Det er viktig å ha tillit til kvarandre sin kompetanse.
Alf Gunnar Eritsland beskriv i ”Samskriving” desse fordelane ved samskriving på nettet:
· Støtte kvarandre. I samarbeid om tekstar kan dei vise kvarandre merksemd og respekt.
· Kontrollere tekstane for kvarandre. Slik kan dei delvis erstatte kontrollen til læraren
· Lære av kvarandre. Dei kan dele fagleg kunnskap og ulike måtar å skrive på.
Det er klart at det kan vere ein balansegang mellom å vere støttande og konstruktiv kritisk overfor andre sine produkt og skape avstand mellom gruppemedlemane. Dette vil vere lite motiverande for samarbeidet og vidare samskriving.
I skrivande stund held vi på med siste finpussen på den siste innleveringa på eit 2-årig IKT kurs på deltid. Konkluderande vil eg seie at eg har hatt stor utbytte av kurset, sjølv om tidsfristane for innleveringane alltid kom bratt på. Det eg har lært mest av, ved sida av inspirerande førelesningar, var arbeidet i gruppene. Vi har diskutert os varme, rive oss i håret, ledd, masa på kvarandre, blitt inspirerte og har fått eit innblikk i kvarandes skulekvardag og kunnskapshorisonten.
Stor takk til mine gode kollegar og samarbeidspartnarar Maria og Theresa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar